
Påskejakt med Lurivar
- Når:
- Kvar:
- Ivar Aasen-tunet, Salen
Vaksen | Familie | Barn |
70 | 50 per person | 70 |
Ordspion Lurivar i Aasen-tunet får eit nytt mysterium å løyse, og borna blir med på kattekrumspring omkring i det svære Fehn-bygget.
Det har skjedd noko heilt utruleg med Lurivar, og han treng hjelp av borna til å løyse mysteriet. Undervegs kjem det kjem fleire overraskingar som får Lurivar til å stusse på om det han har opplevd er sant eller ikkje. – Dette vert veldig kjekt, og eg håper mange born tek turen til tunet i påska for å helse på Lurivar og vere med på kattekrumspringa hans, seier formidlar Synnøve Marie Sætre i Aasen-tunet.
Lurivar og borna må på draumejakt i Aasen-tunet. Dei tek med lommelykter og leitar i den mørke kjellaren, kattesnik seg mellom hyllene i biblioteket og leitar høgt og lågt inne i utstillinga. – Vi oppmodar publikum om å tinge billett på førehand, sidan det er avgrensa plassar på kvar bokjakt, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.
Etter jakta blir det påskeverkstad der borna får lage stilig påskepynt.
Line Starheimsæter har rolla som Lurivar og Solveig Othilie Skare er hjelparen hans. I kafeen blir det Lurivars lure vaflar og mykje anna godt. Butikken har også godt utval av lesestoff til born og vaksne.
Familiebillett gjeld for minimum tre personar.
Ønskjer du å oppleve Lurivar tysdag 27. mars, kjøper du billett ved å trykkje på Kjøp-knappen over.
Ønskjer du å oppleve Lurivar onsdag 28. mars, kan du kjøpe billett her.