Stina Aasen Lødemel ny redaktør i Allkunne
Stina Aasen LødemelFoto: Sunniva Lund Osdal

Stina Aasen Lødemel ny redaktør i Allkunne

Stina Aasen Lødemel (40) frå Ørsta er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne. Ho tek over 1. november etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som frå same dato er direktør i Nynorsk kultursentrum. Lødemel har vore redaksjonssekretær i Allkunne frå 2013.

– No når kven som helst kan skrive kva som helst på Internett, er fri tilgang til kvalitetssikra kunnskap på eige skriftspråk viktig for demokratiet, seier Stina Aasen Lødemel. – Stillinga gir meg ein unik sjanse til å fremje ei sakleg kunnskapsformidling som styrkjer bruken av nynorsk i den digitale kvardagen.

– Med sterkt engasjement og presist arbeid har Lødemel gjort sitt til at Allkunne er blitt ein uunnverleg nettstad for både nynorskbrukarar og andre, seier direktør Ottar Grepstad. – Etter ein grundig tilsetjingsprosess var vi ikkje i tvil. Ho er den rette.

Lødemel er bachelor i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen 2008 og har sidan 2016 vore masterstudent i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Ho har mellom anna vore dagleg leiar ved Kunsthuset i Ørsta 2008–2009 og arbeidde i ulike engasjement og vikariat hos oss frå mai 2009 til desember 2012, mellom anna som fungerande dagleg leiar i Allkunne AS mai–juni 2012. Frå 2013 var Lødemel tilsett i delt stilling som salsekretær i Aasen-tunet og redaksjonssekretær i Allkunne AS. Etter omlegginga av Allkunne frå aksjeselskap til driftsavdeling var Lødemel konstituert redaktør hausten 2016, og frå 1. februar 2017 har ho vore redaksjonssekretær.

Stina Aasen Lødemel har hatt mange verv, mellom anna kommunestyremedlem i Ørsta 2011–2015 og medlem i kontrollutvalet i Ørsta kommune frå 2011. Hos oss var ho styremedlem i Allkunne AS 2014–2016 og i Nynorsk kultursentrum 2014–2018. I 2018 har ho vore leiar i lokallaget av Forskarforbundet.