40 aar.

Intervju med Arne Garborg, 1917

40 aar.
Arne Garborg
So lang ei tid so tung ein strid,
og enno stend me midt der i.
 
I dag er det 40 aar sidan «Fedraheimen» kom ut med fyrste nummeret. Me var i gaar kveld paa Hvalstad og vilde faa Arne Garborg til aa fortelja um fyr­ste «Fedraheims»-tidi.
 
- Nei, er det alt 40 aar sidan! sa Garborg. Han visste ikkje um det fyrr.
 
- Dei maalbladi som hadde vo­re var longo inn sovna i 1876—77, og det var daa ei vanleg meining at maalstrævet hadde stridt sin siste strid.
 
Men eg hadde den tru at maalstrævet fyrst daa skulde taka til for aalvor. Boki «Fraa Dansketidi» av Kristofer Janson var orsak [sic] til at eg kom upp i ein heil bladstrid um maalsaki. Eg hadde lenge vore teken av norskdomstanken, og denne striden reiv meg heilt med. Fyrr hadde eg til faanyttes freista læra landsmaal paa same maate som eg hadde lært meg framande maal. No tok eg til å skriva mitt jærbu-bygdemaal. Eg byrja med det vaaren 1877 og dreiv hardt med det heile suma­ren. Det gjekk utruleg godt, og daa eg tykte eg skreiv jærbu-maalet godt nok, gjekk eg over til landsmaalet, og daa fall det reint av seg sjølv.
 
Um sumaren tala eg med kjenningarne um kven me skulde faa til aa setja i gang eit nytt maalblad. Dei meinte at eg maatte gjera det, eg kunde faa med meg ein av dei gamle gode maalmennerne, og kanskje ein av dei unge, um eg ikkje vilde leggja i veg heilt paa eigi hand. Dette tok eg til aa tenkja paa, og i august var det vel at eg fekk samla maalfolk til eit møte i restauranten i Studen­tersamfundet. Der møtte ikkje faa gamle maalmenn. Eg hugsar Hans Ross, og eg trur somenn at Ivar Aasen var der, og Fjørtoft hugsar eg sers godt. Ungdom var det mindre av paa dette møtet der eg bar fram tanken um eitt nytt maalblad, som skulde styrast paa ein moderat maate. Dei fleste tok vel imot tanken. Meiningarne stod mest skilde um maalformi. Fjørtoft heldt sterkt fram at det galdt aa halda seg til det livande talemaalet og ikkje hefta seg stort med skriftformer. Men eg visste at kor mykje det kunde vera i dette, so maatte me likevel ha ei skriftform som bladstyret kunde fylgja. Dei andre som skreiv i bladet maatte faa bruka sin eigen skrivemaate naar so dei vilde. Dette var einaste maaten aa samla maalfolket, som maatte samla seg um det nye bladet skulde det vera liv og framgang laga. Det var serleg striden um maalformer og rettskriving som hadde køyrt i grefti maalbladi fyrr.
 
Med dette møtet kan eg segja at det var fastslege at eg skulde gaa i gang med eit nytt maalblad. Eg skreiv til gode maalfolk og greidde ut um bladplanen og spurde um dei vilde teikna luter i det nye bladet, som trong nokre pengar til aa byrja med. Og det kom inn fleire hundrad kronur, um det var so mykje som tusund torer eg ikkje segja. Kristofer Janson og Steinar Schjøtt lova skrivehjelp. Og Ross la namn paa bladet.
 
Fyrste nummeret av det nye bladet, «Fedraheimen», kom laurdag 6. oktober 1877. Det skulde vera, som undertittelen sa, «Eit vikeblad aat det norske folket». Bladet var heller lite, berre 3 teigar paa sida; men teigarne var noko breidare enn bladteigar til vanlegt er no. Og det skulde koma kvar laurdag. Prisen var 4,40 for aaret.
 
Bladet byrja med eit dikt til Fedraheimen av Kristofer Janson. Av innhaldet elles kan nemnast: Eit stykke um Thiers. «Late-Lars» (eventyr). Eit stykke or «The early kings of Norway» av Carlyle, umsett til telemaal. Og ymist anna. Til slutt kom bladstyret og stakk ut leidi for bladet. Maalstrid vilde eg ikkje fylla det med, og sutring og klagemaal over gamle misgrip skulde landlysast. Heller byggja det nye Norig enn gaa og harma seg ut paa det gamle; «heller arbeida en slaast». Rettskrivingi var ei tillemping av Ivar Aasen-normalen.
 
Bladet vart prenta i Ringvolds prenteverk attum Austbanestationen. Der ekspederte eg det og. Eg var mest aaleine baade med bladstyringi, forretningsførsla og ekspeditionen. Berre ein hende gong kom ein kjenning og hjelpte til med ekspeditionen.. Men eg var van med noko av kvart. «Tvedestrandsposten» som eg fyrr hadde styrt, han laut eg setja og.
 
«Redaktionskontor» hadde eg paa hybelen min i Bispegata 1 nedmed hamni ute i Oslo. Stortingsstenograf Halvorsen var den som hjelpte meg mest med skriving, han og Steinar Schjøtt. Halvorsen fylgde godt med i utanlandske blad og skreiv ein utanlandsartikel til kvart nummer. Janson skreiv og mykje.
 
- Honorar?
 
- Var ein ukjend ting i maalbladi den gongen. Bladpengarne som kom inn fekk bokprentaren noko av og noko laut eg ha til livberging. Det gjekk bra so lenge lutmidelen vara, sidan vart det smalhans. Stundom var det smaatt smalhans. Stundom var det smaatt um mat til meg, og bokprentaren laut venta med betalingi. Og han var gild med det, Ringvoll. Eg trur mest han hadde samhug med saki. Sidan fekk han elles alt han hadde til gode. Eg kvitta heile skuldi etter kvart, daa eg trast etter vart kopist. Daa fekk eg 6 timars fyremiddagsarbeid i deptet.og alt «Fedraheim»-arbeidet um ettermiddagen. Det var stridt serleg i 1879 daa bladet kom tvo gonger i vika. Eg maatte skriva um mange innsende stykke. Sume for skuld maalet og sume for skuld innhaldet. Men eg tykte det var betre aa vøla paa det andre skreiv enn aa brjota mitt eige hovud med aa finne paa noko nytt.
 
- Kor mange tingarar hadde «Fedraheimen»?
 
- Fyrste aaret var det burt imot 400. Sidan synast eg hugsa at det aller meste var 1500. Eg trur dei fleste var paa Vestlandet. Elles var dei nokon kvar stad i landet, ikkje minst i dalarne.
 
- Var postfolki greide aa ha med aa gjera?
 
- Nei det skal vera visst at dei ikkje var. Det var klagemaal og krangel stødt. I 1878 hyvla eg dei dugeleg av i bladet, og sende det nummeret til alle postopnarane. Det hjelpte sagte ikkje stort; men det gjorde godt aa faa riva sinnet av seg.
 
Endaa verre var det aa faa bla­det ut til tingarane i byen, og dei var ikkje so radt faae. Men det enda med at dei sjølv maatte ko­ma og henta bladet; for bladbodi var det raadlaust aa ha med aa gjera.
 
- Lysingar?
 
- Ingen ting. Jau kanskje det kom ei og onnor lysing um lærarpostar og ei boklysing ein hende gong siste aari. Elles skyna eg meg ikkje paa lysingar og freista ikkje med det.
 
- Hugsar De noko sers gildt fraa desse fyrste «Fedraheim»aari?
 
- Eg minnest at eg hadde ljose voner og stort mod den fyrste tidi. Daa fekk eg jamt gilde brev fraa gode folk som gledde seg over at det var kome eit nytt maalblad.  Dei gamle tingarane fylgde truge med, og nye kom til. Stundom skreiv eg stykke som eg sjølv tyk­te tolleg godt um og daa voks mo­det.
 
Vestmennerne og Ivar Aasen tykte eg slurva med maalet, og Fjørtoft og andre vilde at eg skul­de skriva endaa friare.
 
Men verre vart det naar folk fekk den trui at eg var fritenkjar. Daa strøymde det inn brev med uppsegjing og vonde ord. Det er rart aa tenkja paa. No er det visst ikkje mange i landet som finn no­ko galt i det eg skreiv daa, og som eg matte gaa ifraa «Fedraheimen» for.
 
I bladvegen er det i grunnen liten framgong desse 40 aari. Han ruvde ikkje stort den vesle «Fedraheim»-bladlappen som kom ein gong kvar vike. Me hev mange fleire og mykje større blad no. Men i bladvegen er den norske vokstren liten naar me samanliknar med den norsk-danske bladvokstren. Og dei dansk-norske bladi tok inn norske bladstykke for 40 aar sidan som no. «Verdens Gang», «Samfundet» og «Nordmanden» tok jamt stykke or «Fedraheimen».
 
Det er endaa godt at norsken hev gjenge so storveges fram i bokheim, skule, kyrkje- og embættsverk. Men rett no er det vel paa tide at maalfolket samlar seg ogso um dei norske bladi.

Frå Den 17de Mai 6.10.1917. Elektronisk utgåve 2007 ved Nynorsk kultursentrum