Andreas Austlid

Andreas Austlid var folkehøgskulelærar, forfattar og den første som gav ut ein ABC på nynorsk.

Andreas Austlid
Andreas Austlid

Austlid var fødd av bondefolk i Austre Gausdal 26. desember 1851 og døydde på Toten 27. august 1926. Etter tre vintrar som elev ved Chr. Bruuns folkehøgskule i Gudbrandsdalen dreiv han ein fri folkeskule i Lom 1872–79. Deretter gjorde han seg meir kjend med høgskulerørsla i Danmark, og gjennom det meste av 1880- og 90-åra underviste han ved Hardanger folkehøgskule i Ullensvang. I 1899 oppretta han Møre folkehøgskule i Ørsta og i 1913 ein ny i Gausdal (som seinare flytta til Dovre).

I tillegg til høgskulearbeidet gjorde Austlid ein stor innsats for å skaffe bygdeborn gode lærebøker på norsk. Både ABC-boka hans (1880), den første leseboka (1889) og seinare eit trebands leseverk for folkeskulen (1902–06) vart sentrale hjelpemiddel for opplæringa i landsmålskrinsane.

På sine eldre dagar skreiv Austlid inngåande og livfulle skildringar av både danske og norske føregangsmenn i folkehøgskulen.

For Andreas Austlid var det avgjerande viktig at læraren snakka same språket som elevane – både reint konkret og i meir overført tyding. Allereie som ung friskulelærar i Lom kutta han ut ikkje berre den omfattande læreboka av Pontoppidan, men også Luthers eigne forklaringar til katekisma.
Austlids ABC var den aller første på landsmål. Både der og i lesebøkene tok han utgangspunkt i det som var kjent og kjært for borna. ABC-boka vart send inn til ein konkurranse utlyst av Vestmannalaget, og føreordet syner kva Austlid ville med henne: «Gud velsigne Boki, so ho kan verda fyre Bornom som ein varm og rein Ange fraa Skog og Dal og Fjell, fraa all hans friske Natur!»

Då Austlid rundt 1880 var eit par år i Danmark, noterte han mykje levande tradisjon om høgskulepioneren Kristen Kold. Etter at han var ferdig med lærebokarbeidet, gav han ut biografien Ein folkelærar om Kold i to band (1911–13). Mot slutten av livet publiserte han også minne om Chr. Bruun (Kirke og Kultur, 1920) i tillegg til talar og ymse sjølvbiografisk stoff i Salt fraa folkehøgskulen (1926).


Frå Per Halse: "Andreas Austlid", Allkunne.no sist oppdatert 27.10.2014 [lesedato 21.12.2017] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.