Desse auga

(Skodespel, 2009, utdrag)

  
FØRSTE RØYST
    Eg er her
    Alltid er eg her
    Ganske kort pause
    Og eg har alltid
    vore her
    ganske kort pause
    men likevel
    ganske kort pause
    eg må jo eingong
    ha kome hit
    ganske kort pause
    eg kom hit
    ganske kort pause
    og så var eg her
    Og så er eg her
 
ANDRE RØYST
    Eg er her alltid
 
FØRSTE RØYST
    Alltid har eg vore her
 
ANDRE RØYST
    Eg er her berre
 
FØRSTE RØYST
    Vi er her berre
    g anske kort pause
    og dette landet
    der vi er
    ganske kort pause
    det er landet frå draumen
 
ANDRE RØYST
    Vi kom frå havet
 
FØRSTE RØYST
    Er vi framleis havet
 
ANDRE RØYST
    Vi er havet
    også vi er havet
    og aldri kan vi vel skiljast
    frå havet
    fordi vi er havet
 
FØRSTE RØYST
    Og vi er himmelen
 
ANDRE RØYST
    Vi er himmelen
 
FØRSTE RØYST
    Vi er havet
 
ANDRE RØYST
    Og sjølv om vi ikkje er
    ganske kort pause
    der havet er
    ganske kort pause
    så er vi havet
 
FØRSTE RØYST
    Og så er vi himmelen
 
ANDRE RØYST
    Ja
 
FØRSTE RØYST
    For havet er draumen vår
 
ANDRE RØYST
    Og himmelen er draumen vår
 
FØRSTE RØYST
    Og havet er i auga våre
 
ANDRE RØYST
    Og himmelen
    er auga våre
 

Frå Jon Fosse: Desse auga. Det Norske Samlaget 2009. Side 7-9.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag