Ivar Aasen-tunet gjennom 200 år

(Tale, 30. april 2008)

Måse og gran
 
Ved planting av ny tunbjørk i Ivar Aasen-tunet 30. april 2008
 
Vyrde Kronprins
Kjære dykk alle
 
Ein ven i studietida, som lik meg sjølv kom frå Ny-Noreg, skreiv riksmål, ikkje nynorsk, og då eg spurde han om kvifor, så svarte han at han helst skulle ha skrive engelsk, for dess fleire som skjønar eit språk, dess betre, meinte han. Eg visste at han tok feil, men det var likevel vanskeleg å argumentere mot han.
    Det er fleire enn venen frå studietida som synest å meina at mange språk, særleg dei mindre, er dømde til å gå under i striden med dei større språka, ein slags darwinistisk strid der bokmål tar kverken på nynorsk og slik vidare til sist berre er eitt språk att, til dømes engelsk. Og det, meiner dei, vil vera det beste som kan skje.
    Eg synes dette er ein skrekkeleg tanke, på linje med tanken om at det til sist skulle vera att berre eitt slags fugl, la oss seia måsen, eller berre eitt slags tre, la oss seia grana.
    Det finst dei som meiner at det får halda med måse og gran - men i dag er me samla i tunet til ein som meinte at meir burde finnast til, og som såg at det i det skandinaviske språkområdet ikkje berre fanst dansk og svensk, men òg norsk, og som såg at norsk hadde like tydelege særkjenne som dansk og svensk. Norsk hadde berre ikkje fått ei samlande utforming i skrift. Og den oppgåva tok Ivar Aasen på seg, ikkje fordi norsk er betre enn dansk og svensk, men for at òg norsk finst til, i det rike mangfaldet, av fuglar, av tre, og av språk.
    Ivar Aasen brukte livet på å auka språkmangfaldet i verda, og hans innsats gjer at ei ny grein no er komen med på språktreet, den norske greina.
    For den som ikkje sjølv skriv nynorsk, er kanskje det viktigaste med nynorsken at han har ført til fornorsking av riksmålet, slik at det no kan kallast for norsk, ikkje for dansknorsk.
    Det kunne ein ikkje seia for to hundre år sidan, på dei tider måtte ein danska. Og den som må bruka eit språk han eller ho ikkje fullt ut kan, anten dansk, som det var, eller engelsk, som det er, kan sjølvsagt ikkje uttrykkja seg så godt og fritt som på sitt eige språk.
    Difor bør også i framtida omsetjing, det Horace Engdahl, den faste sekretæren i Svenska Akademien, har kalla for det største språket i verda, framleis vera det største språket, og ikkje engelsk, eller spansk. Omsetjing er det eine språket som er felles for oss alle, seier Engdahl, som eg elles har lånt nokre tankar frå i det eg her har sagt.
    Med ynskje om mange slags fuglar og tre og mange språk, og med ynskje om mykje omsetjing, til og frå dei mange språka, vil eg takka for at de har høyrt på snakket mitt om måse og gran. 
 
Jon Fosse