Fuglekrigen
(Dikt, 1886)
Av M. [Marius Hægstad] Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 33. Laurdag den 15de mai 1886. 2dre aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad | |
(Dikt, 1886)
Av M. [Marius Hægstad] Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 33. Laurdag den 15de mai 1886. 2dre aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad | |
(Dikt, 1885)
Av Marius Hægstad (Tildeils etter tysk) Aa, pris og takk den store Gud, du styrkte friske saal! Din lovsong Herren høyra vil. Aa, pris hom daa, mi saal! For veik til sjølv aa verja meg eg laag og sov i fred. Kven var det vel, som vakte daa? Kven sende svevnen ned? D'er du, vaar Gud og Herre stor, Du eig vaart heile liv. Du held det uppe fyre oss og nytt kvar morgon giv. Du vere lovad, sterke Gud, du trufast er og god. Eg difyr etter kvild-rik natt reis upp so glad og fro. Lat di velsigning kvila her og styr meg stødt din veg, ja, lær meg sjølv den livsens gang, som er deg hugnadleg. Ja, yver meg di hand du haldt, til deg mi von eg set. Du berge meg i farleg stund, du stydje mine fet. Giv meg eit hjarta fromt og godt, som varmt og mannmildt er, med syn, som gled seg, naar det ser, det gode framgang fær. Lat kvar ein dagen signad bli med takk og lov aat deg, til dess du byd, den sidste dag skal lysa yver meg.
Frå Dag. Blad aat ungdomen. No. 21. Sundag den 15de november 1885. 1ste aarg. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad | |
Kristofer Marius Hægstad, forleggjar og språkforskar. Han skipa aviser og skule, blei den første professoren i landsmål og laga den første offisielle rettskrivinga for det nye landsmålet.
![]() |
Marius Hægstad |
Frå Ottar Grepstad : "Marius Hægstad", Allkunne.no, sist oppdatert 19.4.2012 [lesedato 29.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.