Lars Mæhle
    Lars MæhleFoto: Tove K. Breistein

    Lars Mæhle

    Lars Mæhle, litteraturvitar og produktiv forfattar av bøker for barn og unge både på nynorsk og bokmål. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei gjennombrotsromanen hans.

    Lars Mæhle er fødd 6. januar 1971 på Sunndalsøra, er oppvaksen i Sunndal og busett i Oslo. Han tok vidaregåande skule 1987–90, og han gjekk på Buskerud folkehøgskole 1990–91. Mæhle er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1997) med hovudfag i litteraturvitskap og grunnfag i religionshistorie i fagkrinsen.

    Mæhle skriv i fleire sjangrar og debuterte i 2002 med oppvekstskildringa Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper'n til Liverpool er basert på boka og hadde premiere hausten 2010. I 2005 kom den frittståande oppfølgjaren Narnia-draumar. Ungdomsromanen Harry Houdinis elefant blei utgitt i 2008. I 2012 kom ungdomsromanen Fuck Off I Love You, der vald og val står i fokus.

    Mæhle har gitt ut fire bøker om Harry og Ivar. Den første, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er òg sett om til dansk. Han har òg gitt ut ni bøker om Knoterud FK på begge målformer, i lettles-serien Leseløver.

    Fantasyromanen Landet under isen kom i 2009. Boka har innslag av kriminallitteratur og religionshistorie, og handlinga går føre seg på industristaden Smalvik, der fire unge menneske er sakna. Landet under isen. Dødebok (2014) er ein frittståande oppfølgjar. I spenningsromanen Bouvetøya 2052 er handlinga lagt til framtida, og på grunn av klimaendringane er verda annleis enn vi kjenner ho.

    I 2011 kom den første boka for vaksne, novellesamlinga Korea. Noveller om kjærleikDen mørke porten (2013) var den første kriminalromanen hans. Boka blei seld til Tyskland allereie før ho var gitt ut i Noreg. Psykologen Ina Grieg jaktar ein seriemordar då ho forstår at det dreier seg om fleire mord, etter at ein mann blir funne drepen i ein kyrkjeruin. I 2015 kom Linnès dystre lærdom, andre boka i serien om Ina Grieg.

    Krimteam Siri & Max er ein serie for barn mellom 8 og 12 år, og Skoddefyrstens hevn (2015) var første boka i serien som kjem ut på bokmål. Siri Sandvik og Max Jenssen, som begge er 12 år gamle og bur i Heimvik, er heltane i serien. Mæhle har også skrive tre bøker i serien Dyrepasserne (2012–13). Telle-Trollet (2016) er ei teljebok for dei minste.

    Mæhle fekk Guro Sandsdalens litteraturpris i 2004. For Landet under isen fekk han Kulturdepartementets litteraturpris (2009), UPrisen (2010) og Fabelprisen (2010). Boka var òg nominert til Brageprisen. Han fekk også Nynorsk barnelitteraturpris 2014 for boka Landet under isen. Dødebok. 
    Lars Mæhle var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2017.

    Frå Vibeke Lauritsen: «Lars Mæhle», Allkunne.no, sist oppdatert 24.8.2017 [lesedato 30.1.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.