Jesus, Jesus, ver hjaa meg

(Salme, 1927)

Av Ludvig Uri

 

Jesus, Jesus, ver hjaa meg,
Statt ved lægjet, gakk kje fraa meg
No mi avferd stundar til!
Lat kje Satan meg faa gjera
Noko vondt, du meg maa bera;
Det er heim til deg eg vil!

 

Jesus, gløym i naade ordi
Som eg i mitt liv paa jordi
Tidt hev tala deg imot!
Gløym alt vondt eg gjorde, tenkte,
Det som tidt din kjærleik krenkte,
Læk mi sjuke hjarterot!

 

Alt som vil mitt hjarta tyngja,
Tak det burt, so eg kann syngja
Fri og frelst min siste song!
Jesus, Jesus, gakk kje fraa meg,
Statt ved lægjet, ver du hjaa meg
No eg sovnar siste gong!

 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad