Dei strævar kvar med sitt

(Song, 1902)

Av Jonas Vellesen

Ikornet gjekk paa vollen og slo.
Høyrde du, kor det snørde?
Skjori lesste, kraaka drog,
og litle puse-katten han kjørde.

Hanen treskte, høna mol,
katten bakte, killingen knadde;
musi gjekk og gnaga og gol
og bad um alt det dei hadde.

 


Frå Jonas Vellesen: Den fyrste bok aat barnet. Bergen: F. Beyers Boghandels Forlag. 5te utgaava - 1902. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad