Ein Sporv

(Leseøving, 1902)

Ein Sporv
vellesen-bokside.jpg
av Jonas Vellesen

fann ein gong eit malt korn. So kom han paa, at han vil de bryg gja. Han bru ka ei fin ger bjørg til gry ta og eit eg gja skal til bryg gje kjer, og so tok han ein hum le knupp i hagen. Daa han var fer dig med bryg gin gi, drakk han upp alt ø let med ein gong. So se tte han seg paa ta ket og tok til aa syn gja. Men rett som det var, svart na det for au go hans. Han tyk te skor steins pipa rug ga paa seg og tok til aa dan sa, og so syn test han, at alt gjekk rundt. Han mis ste baa de sans og sam ling og rul la ned y ver ta ket og datt beint i gar den. Og so kom kat ten og tok han.

 

[Teksten utan inndeling i stavingar:

 

Ein sporv fann ein gong eit maltkorn. So kom han paa, at han vilde bryggja. Han bruka ei fingerbjørg til gryta og eit eggjaskal til bryggjekjer, og so tok han ein humleknupp i hagen. Daa han var ferdig med bryggingi, drakk han upp alt ølet med ein gong. So sette han seg paa taket og tok til aa syngja. Men rett som det var, svartna det for augo hans. Han tykte skorsteinspipa rugga paa seg og tok til aa dansa, og so syntest han, at alt gjekk rundt. Han misste baade sans og samling og rulla ned yver taket og datt beint i garden. Og so kom katten og tok han.]


Frå Jonas Vellesen: Den fyrste bok aat barnet. Bergen: F. Beyers Boghandels Forlag. 5te utgaava - 1902. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad