Gode bind paa skulebøker

(Artikkel, 1901)

Av Jonas Vellesen

Hr. J. H. Norsk skoletidende nr. 48.

Daa De i Dykkar velvyrde sendebrev jamrar fyre, at skulebøkerne er vesalt innbundne, og nemner abc-boki mi til døme paa dette, lyt eg faa lov aa melda, at kontrakti millom bokreidaren og meg er slik, at denne boki mi skal hava same slags band som "Barnets første bog" av Rosing og andre abc-ar. Meir tyktest eg ikkje eg kunde krevja, daa abc-boki mi er eit ark større enn dei fleste andre abc-ar som vert selde for 30 øre; men eg hev avtala med bokreidaren, at dei som vil, kann faa boki godt bundi med skindrygg for 35 øre. Mange av dei fyrste upplagi vart ogso bundne slik; men daa folk alle stader vilde hava dei billigaste, veit eg ikkje um der til bokhandlarane no er sendt bøker med sterkare band av det siste upplaget; men dersom De skriv til hr. bokhandlar F. Beyer, Bergen, kann De faa boki −anten det no er landsmaalsutgaava eller det er utgaava paa dansk-norsk −med likeso sterkt band som leseboki hans Nordahl Rolfsen.
 
Enebak, 5te december 1901.
Vyrdnadsfullt
Jonas Vellesen.
 

Frå Norsk skoletidende udgivet af lærere ved Hamar skoler Tre og tretiende aargang, NR. 51, 21te desember 1901, s. 807. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad