Noreg vert samla og kristna. 860-1035

(Lesestykke, 1896)

Av Jonas Vellesen

Harald Hårfagre (860-930) var 10 aar gamal, daa Halvdan Svarte, far hans, døydde. Fleire smaakongar reiste seg straks og vilde taka riket fraa denne unge kongen; men morbror hans styrde for han og verja det. Harald vart stor, sterk og fager. I eit jolelag fridde han til ei rik og ven kongsdotter. Ho svara: "Betre mann kan eg ikkje ynskja meg; men fær eg raa meg sjølv, vil eg ikkje hava nokon, utan han vinn heile Noreg." Dette svaret likte Harald. Han lova, at han ikkje skulde klippa elder kjemma haaret sit, fyrr han hadde vunne heile Noreg.

Straks samla han ein her og tok yver Dovre. Han vann fleire slag og la under seg Trondheim, det er landet kring Trondheimsfjorden. I Namdalen raadde tvo brørar, Herlaug og Rollaug. Dei hadde bygt upp ein gravhaug av stokk og stein. Daa Harald var ventande, gjekk Herlaug inn i haugen med 11 mann og mat og drikka, og so let han dei kasta haugen att. Men Rollaug steig upp paa haugen, der kongarne hadde sætet sit, og velte seg fraa høgsætet ned paa jarlebenken, og so gjekk han imot kong Harald og baud seg til aa vera hans mann. Harald feste eit sverd ved beltet hans og ein skjold kring halsen og gjorde han til jarl yver Namdalen.

Sidan tok han fylke etter fylke alt ifraa den nordre luten av Haalogaland til Sognefjorden; men paa Hordaland, Rogaland og Agder fekk han stridare motstand, for der var dei rikaste og megtigaste folk, og der slo 4 kongar seg i hop til aa møta han. I fleire aar laga han seg til, og daa han kjende seg sterk nok, møtte han kongarne i Havrsfjord (ved Jæren). Det vart ein lang og hard strid; men endeleg vann Harald, og var no konge yver heile landet (872). Straks etter var han i eit lag hjaa Ranvald Mørejarl, far til gange-Rolv. Haaret hans var langt, for han hadde ikkje klipt det paa 10 aar; men no klipte jarlen han og kalla han Haarfagre. 

Harald tok odelen fra bønderne, det vil segja let dei svara skatt av gardarne sine. Yver kvart fylke sette han ein jarl til aa skifta lov og rett og krevja inn skattarne. Under kvar jarl var det fleire hersar. Dei styrde kvar sit herad. I ufred skulde kvar jarl tena kongen med 60 mann, og kvar herse med 20. Til løn skulde jarlarne hava tridjeparten av skatten, og hersarne kongsgardar til aa styra; difyr vart dei seinare kalla lendmenn (av land).

Bønderne, som aldri fyrr hadde lagt skatt, vart misnøgde. Mange stormenner, helst daa vestlendingar, strauk fraa gardarne sine og drog til øyarne ved Skotland. Derifraa gjorde dei vikingferder til Noreg; men so tok Harald vest med ein her og la under seg Hjaltland og Orknøyarne og sette ein jarl yver dei. Daa vende uvandringsstraumen seg mot Island.

Island vart funne av nokre som skulde til Færøyarne, men tok for langt mot nord. Dei kalla det Snøland, for di der var snø paa fjelli. Sidan drog Floke fraa Rogaland av stad. Fyrr han tok ut, blota han og helga tri ramnar, som skulde syna han vegen. Daa han kom ut paa havet, slepte han den eine ramnen etter den andre. Den fyrste kom snart til han att, og den andre tok til vers; men den tridje fauk framfyre skipet, til landet var funne. Etter den dag vart han kalla Ramne-Floke. Han siglde mest rundt heile øyi, men likte ikkje landet. Han kalla det Island. Men Toralv, ein av mennerne hans, roste det svært. Han sa, at det draup smør av kvart straa; difyr kalla dei han Toralv Smør. Tvo aar etter slaget ved Havrsfjord drog Ingolv fraa Sunnfjord til Island. Han tok med seg høgsætestolparne, som var utskorne med gudebilæte. Daa han kom nær øyi, kasta han dei i sjøen. Der dei dreiv i land, trudde han gudarne vilde han skulde bu. Han fann dei i Reykjavik, og der bygde han seg hus og sette dei ved høgsætet. Sidan gjorde mange like eins. Fleire og fleire sette seg ned i landet. Utvandringi var til stort tap for Noreg, daa det var dei rikaste og mest upplyste som vandra ut. Harald tok gardarne deira. Sume gav han hersarne til aa styre, og sume let han aarmenner (gardsfutar) driva til inntekt aat seg.

Nordmennerne skipa ein fristat paa Ialand. I den raadde stormennerne. Dei megtigaste hovdingarne sette upp hov paa gardarne sine. Dei vart godar og stod fyre blotingi. Øyi vart delt i godord (herda). Goden nemnde ut domsmenner og var ordførar pa tinget. Dersom folk ikkje kunde verta forlikte paa heradstinget, skulde saki afgjerast paa altinget. Dette var eit sams ting for heile øyi. Det varde i 14 dagar. Til altinget strøymde folk saman som til ein marknad, mange berre for moro skuld. Godarne valde ein lovsegjemann. Han skulde læra loverne utanaat og segja dei fram paa tinget. Nye lover vart ogso vedtekne der.

Underkongar.  Harald Haarfagre hadde mange søner. Daa han var 70 ar, gjorde han dei til underkongar og skifte landet millom dei. Han fastsette, at etterkomarane hans paa mannssida skulde vera kongar. Underkongarne skulde hava halve skatten. Men sønerne kunde ikkje semjast. Eirik Blodøks drap Bjørn Farmann, og Halvdan Svarte, bror deira, vilde hemna draapet; men Eirik fekk hjelp av far sin. Herarne møttest paa Reinssletta ved Trondheimsfjorden. Men so stod der fram ein gjæv skald, som heite Gutorm Sindre. Han hadde dikta visor um faren og sonen og vilde ikkje hava noko for det; men dei hadde lova, at dei ein gong skulde gjera det han bad um. Han minte dei um dette og bad dei forlika seg, og det gjorde dei.

Harald la ned kongedømet, daa han var 80 aar, og sette sin kjæraste son Eirik Blødøks til yverkonge. Tri aar etter døydde han (933) og vart hauglagd paa Hauge ved Haugesund. 1000 aar etter slaget i Havrsfjord sette nordmennerne ei stor minnestytta paa gravi hans, og rundt um 30 mindre steinar til minne um dei fylki han samla.

 

[...]

 


 

Frå Noregs soga aat folkeskulen ved Jonas Vellesen. Med bilæte og kart. Bergen, F. Beyers forlag 1896. Side 14-17. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad