Norske framsteg

(Lesestykke, 1896)

Av Jonas Vellesen

 

Henrik Wergeland var fødd i Kristiansand, men voks opp i Eidsvoll, der far hans, Nikolai Wergeland, var prest. Tidleg la han elsk paa den fagre naturen og det som var norskt. I romet sit paa prestegarden samla han fagre blomar; han sette fiskar i glas og fuglar i bur. Paa veggen hekk grunnloven, godt verja av tvo kjempekarar i dølebunad med svære øksar. Framfyre skrivebordet hadde han ein kubbestol, og til penn brukte han ei tiurfjør. Han gjekk med vadmaalsklæ og saag mest ut som ein bonde. Titt kasta han seg i Vorma og symde til lands, og mange gonger lauga han seg i Mjøsi millom isklumpar.

Etter 1814 tok mange til aa kalla det innførde danske bokmaalet norskt; men so heldt Henrik Wergeland sterkt fram, at nordmennerne ikkje kunde vera tente med eit maal som berre i namnet var norskt. Dei laut hava eit verkeleg norskt maal, og det var aa finna hjaa bonden, som var den rette taarvinn etter dei gamle gjæve nordmennerne. I ei bok freista han aa skriva bondemaal, og i dei bøkerne han gav ut paa bokmaalet, tok han inn norske ord og vendingar. Men det norske maalet var lidet vyrdt, og Wergeland var ikkje god for aa bruka det paa den beste maaten. Han fekk difyr mange imot seg. Dei tykte det var raatt og ufint. Men endaa fleire heldt med han, og det vart ein heit strid. Wergeland døydde i Oslo (1845) ikkje meir en 37 aar gamal; men dei norske tankarne han hadde vekt, døydde ikkje. Det eine med det andre førde dei lenger fram. Professorarne Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch granska den gamle norske soga. Munch skreiv ei sogebok paa 8 store band. Han døydde i Rom ved skrivebordet med pennen i hondi. Fleire lærde gamalnorsk. Presten Magnus Brostrup Landstad samla norske folkevisor, og Ludvig Lindeman norske folketonar.

Asbjørnsen og Jørgen Moe samla norske eventyr og sette dei um paa bokmaalet utan aa endra stort paa ordelaget.

Dette var meir naturlegt og greitt. Sidan tok fleire norske diktarar til aa bruka norske ord og vendingar, alvisst naar dei skreiv um bonden, so bokmaalet fekk ein norskare sving. Millom dei var Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen, som no er namngjetne i heile Europa. Men likevel stend bokmaalet paa den danske grunnen.

Skulde det norske folkemaalet reisast upp att til bokmaal som i gamle dagar, laut bonden sjølv taka i. Sunnmøringen Ivar Aasen, fødd 1813, granska bygdemaali, og i 50-aari sette han upp skrivereglar til eit norskt bokmaal for heile landet (landsmaalet). I dette maalet skreiv telemarkingen Aasmund Vinje (fødd 18181970), ein av dei mest gaaverike diktarar Noreg hev havt. Sidan hev mange skrive norsk, og i 1892 fastsette stortinget, at skuleborni skulde læra lesa det norske landsmalet liksovel som bokmaalet, og skulestyret kan avgjera, kva maal dei skal skriva.

Folkeupplysningi tek til. I 1827 gav stortinget ut ein skulelov. Etter den laut det vera ein fast skule ved kvar hovudkyrkja og elles so mange umgangsskular som det trengdest. Fastskulelærarane skulde lærast upp paa seminaret, og eit lærarseminar vart det i kvart bispedøme. Til seminariet strøymde mange gaaverike bondegutar, og fleire av dei hev gjort mykje for folkeupplysningi. I 1860 kom det ut ein ny skulelov, og daa gjekk dei meste umgangsskularne yver til faste skular. Ingen fekk vera lærar, utan han var upplærd til det. Folkehøgskularne førde ungdomen vidare fram i upplysning og kveikte fedralandselsk. Sidan tok ogso amtskular paa med dette. Det kjem ut mange bøker og blad, som ber ljos og liv vidt umkring. Dei finn vegen baade til hus og hytta.

 


 Frå Noregs soga aat folkeskulen ved Jonas Vellesen. Med bilæte og kart. Bergen, F. Beyers forlag 1896. Side 80-81. Elektronisk utgåve 2005 ved Jon Grepstad