Paal paa Haugen

(Folkevise, 1902)

Ved Jonas Vellesen

Paal slepte ut kvar einaste høna.
Hønorne lett yver haugen sprang.
Paal kunde vel paa hønorne skyna
reven var ute med rumpa so lang.
«Klukk, klukk, klukk!», sa høna paa haugom.
Paal sprang etter og rengde med augom:
«No tor' eg inkje koma heim aat 'enn mor. »
 
Paal flaug lenger og njosna etter reven,
fekk han sjaa skalken laag paa høna og gnog.
Paal han tok seg ein stein uti neven,
dugleg han daa til reven slog.
Reven flaug, so rumpa hans riste.
Paal han gret for høna han miste:
«No tor' eg inkje koma heim aat 'enn mor. »
 

Frå Jonas Vellesen: Den fyrste bok aat barnet. Bergen: F. Beyers Boghandels Forlag. 5te utgaava - 1902. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad