Syngjar-steinen

(Forteljing, 1902)

Syngjar-steinen
Den fyrste bok aat barnet
Av Jonas Vellesen

I.

Syngjar-steinen stend i eit skar i Tverr-fjellet, knapt meir enn ein fjordung veg fraa stølen. Han kunde syngja, denne steinen, sa dei meg, daa eg var liten ; di-for var eg lenge huga til aa gaa upp til han; men aaleine vaaga eg meg ikkje so langt, for eg var for liten, og dei vaksne hadde anna aa gjera enn aa fylgja meg upp til Syngjar-steinen.
 
Men so var det ein fin sumars-dag dei høya uppi heidi, og daa skulde eg og tvo andre smaa-gutar gaa til slaatte-folki med ei smør-øskja. «Gaa no berre beine vegen!» sa ho Gamle-Marit, «og sjaa til, at de stødt hev elvi paa høgre sida, til dess de ser ein stor foss, so finn de folki.» Me so gjorde, og fann folki i Fossan-kraa, me kalla. Daa me var vel fram-komne, peika ein av slaatte-kararne paa ein bratt bakke og sa: «Upp paa denne bakken er Syngjar-skaret, og eit stykke ovan-for leitet stend Syngjar-steinen.» No ja, var me komne so langt, so laut me der upp, tenkte me, og la i vegen. Men det var ikkje so lett gjort, for bakken var brattare enn han saag ut til. Midt i bakken laut me kvila.
 
Me saag skileg det, at himmelen laag ned paa skaret, og me gledde oss til, at me skulde faa kausa og klappa den ljose, blaae himmelen. Men daa me so naadde upp, saag me at himmelen ikkje laag ned paa den sida av skaret; med var endaa eit stykke ifraa himmelen. Skaret var ikkje breidare enn ei hus-lengd, og paa baae sidor var det bratte fjell-veggjer med kvasse kantar, fire gonger so høge som kyrkje-veggen. Midt i skaret var det ei molte-myr, og ovan-for den stod Syngjar-steinen paa harde fjellet; han saag mest ut som ei stolpe-bud. Paa den eine sida var det ein heller under honom. Der kunde ein sitja turr, um det regnde aldri so mykje.
 
 II
 
Me stod ei stund og saag paa steinen; me var so stille som i ei kyrkja, for me venta at steinen skulde taka til aa syngja; men det knatt ikkje i han. «Tru steinen ikkje syng i dag?» sa han Ivar. −Han heitte so den eine gutten som var med meg. −«Syng i dag, syng i dag, syng i dag,» tykte me det song i steinen. «Jau, no syng han,» sa Harald. Det var den andre guten. «No syng han, no syng han, no syng han,» let det daa. «Eg meiner det likso vel syng i fjelli,» sa eg. «Syng i fjelli, syng i fjelli, syng i fjelli,» song det daa.
 
Dette tykte me var so morosamt, at me sjølv tok til aa syngja den eine songen etter den andre; men me laut stansa ei stund med kvart stev, for steinen og fjelli song med, og dei tok ordi upp att tri gonger og drog dei so lenge ut. So gol me som hanen: «Kykkelolooo!» og so sa me det hesten og kui og sauen og geiti segjer; men steinen og fjelli kunde alt dette mykje betre enn me. Sist-paa kasta me smaa-stein mot berget. Daa duna det mest som tvo tri skot for kvart kast.
 
Men alt lyt hava ein ende. Me laut tenkja paa heim-vegen; men sidan me no var so langt uppe, gjekk me med same burt til den andre enden av skaret og vilde taka upp i himmelen. Men daa me kom der, var han so langt, langt burte; for paa den andre sida av skaret var det berg og dalar og ei tjørn. Me vaaga oss ikkje upp paa sjølve Tverr-fjellet; det var for bratt, og so tok me til aa tvila paa, at me heller ikkje der kunde naa himmelen med henderne.
 
III.
 
Fraa det høge skaret saag me ut yver berg og dalar paa hi sida av Tverr-fjellet. Daa vart me var han Karl gjætar. Han sat paa ein fjell-knatt langt burte og hadde hunden med seg. Paa ein aas saag me tvo tri kyr, og i ei lid var det nokre sauer. Resten av buskapen gjekk nok ned i ein dal. Me hua. Han tok luren og bles, so det ljoma i fjelli. Me svinga med huvorne vaare. Han tok huva si, sette henne paa luren og rette henne høgt i veret.
 
So gjekk me fraa skaret og tok til aa henta moltor paa myri og i lyng-bakkarne. Snart fekk me alle lummorne fulle, og so bar det paa heim-vegen. Daa me kom til Fossan-kraa att, laag slaatte-folki millom tuvorne og sov med hattar og plagg yver hovudi. Alt var stillt; berre fossen dreiv paa med sitt og sa: Dum, brum, dum, brum! Me visste at me ikkje maatte vekkja nokon; di-for gjekk me so stillt fram-um folki og tok vegen mot stølen. Men av og til stansa me i blaabær-tuvorne.
 
Fraa ei tuva spratt det upp ein liten fugl. Daa me saag vel etter, var det eit lite reir i tuva. I det laag det fem smaa fugl-ungar. Dei gapte med nebbarne og skreik. Me saag paa deim; men me anda ikkje paa deim, for Gamle-Marit hadde sagt: «Naar me andar paa fugl-ungarne, so døyr dei.»
 
Mor møtte oss med Støls-berget. Ho tykte me hadde vore lenge burte, og spurde um me var svoltne. Jau, det var me, for me hadde ikkje ete anna en moltor og blaa-bær paa heile ferdi. Og so fekk me smør og brød, steikt aure og mjølk.
 

Frå Jonas Vellesen: Den fyrste bok aat barnet. Bergen: F. Beyers Boghandels Forlag. 5te utgaava - 1902. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad